Vatnast ut eller ikkje ?
Skal smalahove som du kjøper i butikken (ferdig svidd, salta og røykt) vatnast ut før du tilberedar det ? Ja og Nei! Her er det som i mange andre sammenhengar ei smaksak. Normalt og i de fleste oppskriftene vil ein vatna ut smalahove natta over før en kokar/dampkokar det. Ein får da en mindre saltsmak. Ønsker du derimot å ha ein sterkare salt/røkt smak kokar du utan å vatna ut. Event berre vatna ut i 2-3 timar.

Koking / damping
Tilberedingstida anten du kokar eller dampar skal væra 2-3 timar. Når kjøtet løyser lett frå beinet er du ferdig.

Det er nok nokon som svergar til damping av smalahove, men
det mest vanlege og det rådet me får frå kokkekunnige og smalahove-ekspertar er at "du skal koka smalahove,.... ikkje dampa."

Grunnen er nok at ein vil ha vekk ein del av saltsmaken og røyktsmaken slik at ein får fram meir av kjøtsmaken. Det må vera ein fin ballanse mellom desse smakane. Ein skal ikkje vatna ut og koka så lenge at ein har behov for å kryddra smalahove før ein et det.