Kokte poteter og Kålrotstappe / Kålrabistappe
Forutan gode kokte poteter (og fett) må det være med kålrabistappe til smalahove. Oppskrifta er slik: - Kålrot i passe mengde vaskast, skrellast og kuttast i terningar. Kok til dei blir møre og fine. - Dei skal mosast for hånd med gaffel eller tilsvarande. - Bland i kjøttkraft el.l, smør og litt kokte poteter og smak til event. med salt. - Stappa skal ikke finmosast.

Akevitt
- livets vann - Det er tradisjon å drikka akevitt til smalahove, og utvalget er rikt og variert. Det finnst blandt anna ein eigen Smalahove Akevitt. Her er det som ellers smak og behag som tel mest. Prøv gjerne årets SmalahoveAkevitt, som er spesiallaga for smalahovesleppet! Ein regel er gjerne at vellagra og dyr akevitt (god kvalitet) kan drikkast temperert etter smak og behag, men kan absolutt også drikkes kald. "Billig" akevitt derimot bør drikkast kald.

Øl / Heimabrygg
Prøv gjerne smalahovebrygget og andre spesialbrygg som vert laga kvar haust, eller juleølet hvis det er komme. Utvalget er stort og tilgangen er lett. Hugs at alkoholen skal nytast, ikkje missbrukast. Heimabrygg er tradisjon og smalahove og heimabrygg høyrer tradisjonellt saman. Utvalget er stort og kvaliteten svært varierande. Her er det i aller høgste grad smak og behag som tel.

Raudvin
Litt vanskelig kanskje å finne ein raudvin som passer til smalahove, men me har nokre tips.

Kva med ein burgunder av god kvalitet eller en kraftig Australer (shiraz).
Eller kanskje du finn ein fyldig Italienar med mykje syre som passer dine smaksløkar.
Eit godt råd kan vera å lesa fagblad eller finna stoff og testar på internett om valg av vin til mat. Du kan også spyrja på Vinmonopolet.
Ekspert-råda er bortimot eintydig derimot: Dropp vinen, gå for øl og akevitt!